lørdag 4. juni 2011

Starte godt, men endte med tap mot Skeid 2

Lag 2 møtte fredag kveld Skeid 2 på Ullernbanen, og kampen starta bra med 1-0 i vår favør etter at Julian bruker farten sin og setter ballen rolig i mål åleine med keeper etter eit langt gjennomspel. Dessverre klarer me ikkje utnytte dette godt nok, og får egentlig aldri kampen inn i vårt spor. Skeid utligner midt i omgangen til 1-1, som står seg til pause. 2.omgang er ikkje vår omgang, og kampen ender til slutt 5-1 i favør Skeid.

Så, kva erfaringer kan me dra ut av denne kampen, og lære av til neste kamp? Alle erfaringer er det læring i, positive eller negative. Me startar kampen best av dei to lagene, er aggressive i gjenvinninga (som me prata om før kampen), vinn ballen i gunstige posisjonar, og får satt opp ein del fine kombinasjonar, i tillegg til at me sjølvsagt går opp til 1-0. Etter skåringen blir me litt passive. Me vinner riktig nok fortsatt ballen igjen hurtig etter balltap etter skåringen, men Skeid styrer store delar av kampen, vinner flest dueller, og me taper ein del 1 vs 1-dueller defensivt for lett. No skal ikkje hovudfokuset i Ullern si spelarutvikling vere prega av duellstyrke, men det må på ingen måte skyvast under teppet. Fotball er eit komplekst spel, der mange faktorer er avgjerande for kamputfallet. Tøffhet i duellar, både i lufta og langs bakken, er ein av desse. Sjå kor mange spelarar i fotballverda som har nådd Tippeligaen, kanskje til og med endå lengre, på grunn av denne tøffheten. Teknikken, overblikket og pasningsfoten har kanskje ikkje vore all verden, men tøffheten i spelestilen deira, samt ein enorm vinnervilje i absolutt ein foretar seg ute på banen. Dette gjeld, som nevnt ovanfor, i nærdueller, men også eit stort ønske om å gjere sitt ytterste for laget. Ein er, kort sagt, sjef. Ein har eit tankesett som seier at “han skal aldri i verden gå forbi meg med ballen i beina” eller at “EG skal styre denne kampen, ikkje motstanderen min”.

Ein anna ting eg vil nemne, er viljen til å reise seg når det butter i mot. Eg har no vore her sidan november, men på grunn av fleire årsaker ikkje vore med så mykje som eg skulle ønske. Heile spelargruppa er ein kjempeflott gjeng, med mange ulike typer som kan nå så langt de berre vil sjølv. I løpet av fotballkarriera deira, uavhengig av kor lang den blir, så vil de møte motgang. Skader, suspensjoner, dårlige dommarar og nederlag vil de garantert oppleve mange gonger. Det viktigaste i alle slike situasjoner er; korleis møter de motgangen? Legg ein seg ned, spør om ein kan bli bytta ut, eller bretter ein opp ermene, og gjer sitt absolutt ytterste for å snu situasjonen? For, alle negative situasjoner kan ein snu til noko positivt. Greit, så ligg ein kanskje under med to mål. Men, når motstandaren har putta to, kvifor kan ikkje me gjere det? Muligheter er fotballens natur. Spørsmålet er, tar de vare på dei? Alle fotballag er avhengige av typer som går foran, og tar ansvar for å snu slike situasjoner til noko positivt. Dette gjeld på absolutt alle nivå, og noko alle trenarar ser etter. Er du villig til å ta det ansvaret?

Dette innlegget blei prega mykje av tøffhet og mental innstilling til kampen. Eg ønsker ikkje at alle skal bli maskiner, som går der ute på banen med mord i blikket. Alle må finne sine styrker, både fotballferdighetsmessig og mentalt, og bruke desse for alt det er verdt. Alle desse styrkene til alle deltakarar i prestasjonsgruppa, utøvarar som trenarar som lagledarar som foreldre, summert saman utgjer det me presterer på banen. Samtidig, ønsket om gjere sitt ytterste for laget og evnen til å tåle å ha vondt etter ein smell eller to, vil alltid vere viktige faktorer i ein fotballkamp. Unnskyldningar for dårlige resultat og prestasjoner kan ein finne utallige av, og nokre av desse er kanskje reelle. Problemet er at desse unnskyldningane setter seg i sinnet som sannhet, og blir barrierer for strålande prestasjoner. Ein setter seg sjølv grenser for kor god ein kan bli, når ein egentlig har alle muligheter i verden til å bli så god som ein berre ønsker. Eg er sjølv eit resultat av slike barrierer, og har gått glipp av eit utal muligheter til å utvikle meg, både som fotballspelar, men også som menneske. Ikkje gå i same fella. Spørsmålet er kor mykje du legg i potten. Ein større innsats i potten fører til større gevinst. Alle kan kanskje ikkje få den gevinsten, men kva har du å tape?

Svein Inge

Ingen kommentarer: