lørdag 11. juni 2011

96-2: Seier mot Haslum

Kampen starta litt nervøst, men etter 10 minutter får me, gjennom blant anna å vere aggressiv i gjenvinningsfasen, god kontroll på kampen. Me skaper ein del halvsjansar, me har ballen mykje og kjem ofte inn i mellomrom, men me klarer ikkje å utnytte dette til å skape spesielt store farligheter for motstanderen. Blant anna trua me bakrommet for lite i denne perioden, samt at me blir for smale offensivt.

Me får etter kvart hull på byllen ved Sigurd rundt halvveis inn i 1.omgangen. Dette resultatet står seg til pause.

I 2.omgangen har me, stort sett, full kontroll heile vegen. Torbjørn, Lasse og Gunne skårer våre tre siste mål, mens Haslum får eit mål som ein følge av at me blir overmodige og nonchalante. Utover i omgangen får me til tider svært store rom å spele i, og får satt opp ein del fine kombinasjonar sentralt i banen. Alt i alt ein komfortabel seier, me speler tidvis god fotball, men dessverre mister me konsentrasjonen mot slutten av kampen, særlig i forhold til individuelle defensive oppgåver, som fører til unødvendige farlighetar i favør Haslum.

Svein Inge

Ingen kommentarer: